Right Pronunciation of importanti names

Thor Hushovd

Category
SPORTS

Language
NORWEGIAN

Thor Hushovd er ein norsk syklist som vart verdsmeister i landevegssykling 2010. Han sykla for det franske sykkellaget Crédit Agricole frå han vart profesjonell i 2000, og til laget vart lagt ned etter 2008-sesongen. Deretter sykla han to sesongar for Cervélo TestTeam. Etter 2010-sesongen blei laget lagd ned, men Hushovd og sju andre syklistar frå laget blei med over til Garmin-Transitions som før 2011-sesongen skifta namn til Garmin-Cervelo. Frå 2012 har Hushovd sykla for BMC Racing Team, men dei siste sesongane har vore prega av sjukdom og formsvikt. På ein pressekonferanse 27. juni 2014 opplyste Thor Hushovd at han hadde bestemt seg for å avslutte ei lang og hendingsrik karriere etter sesongslutt.[1]

Wikipedia contributors, "Thor Hushovd," Wikipedia, The Free Encyclopedia,

ABOUT THE NORWEGIAN LANGUAGE